EI KJÆRLEIKSHISTORIE FRÅ FORTIDA


I 1349 kom svartedauden snikande innover landet vårt. Bygder og grender over det langstrakte land vart lagt aude, og heller ikkje gardane ved det ville Stadthavet slapp unna "Den svarte kappe". Men på stranda nord for Stadtlandet, greidde ei ungtaus å lure dauden. Livet måtte gå vidare sjølv om tausa var aleine att på den aude stranda. Ho samla det ho kunne finne av kvistar og brensel, og kveikte opp eld for å halde varmen og koke mat til ein utarma kropp.
Då hadde det seg slik at ein ung mann som budde borte på Stadlandet, like oppunder Revjehornet, også hadde griedd å lure svartedauden. Folk hadde han ikkje sett på uminnelege tider, og han trudde han var forlatt av menneskeheita og straffa av Gud den allmektige. Då såg han med eitt at det var kveikt opp eld borte på stranda på andre sida av fjorden. Han la på sprang ned til støa, og sette seg til å ro over fjorden så fort han berre vann. Der møtte han ungtausa Havkatle som ga navn til denne langstrakte stranda..........resten er ei kjærleikshistorie, både før og no....førhøyr deg gjerne med vertsakpet.