GALLERI


I løda på Sandvikgarden finn du målarverkstaden og galleriet til Aina Moldskred Krakset og Marit Sundgot Moldskred. Her vert frodige bilete skapt omgitt av vakker natur, høyballar og eit mangfald av ulike dyrelydar. Når juni nærmar seg, har små og store firbeinte kome ut på det etterlengta grønegraset. Då møkkar vi ut av fjøsen, malar veggane, og kunst og andre overaskingar overtek også der for sommarsesongen.

Galleriet har fast ope kvar søndag frå 12.00 - 18.00 frå juni t.o.m august.
Vi har ellers ope ved ulike arr. gjennom året, eller etter avtale. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt eller stikke innom. Ring oss gjerne på tlf 70 02 34 16 / 90 06 89 96.