HERLEG STEMNING PÅ HAKALLEGARDEN
Frydefull barnelatter rungar frå lasteplanet på ein gamal gråtasstraktor som tøffar forbi. Ved steingarden brekar ei mohairgeit nøgd, halvsovande i fanget til to nye bestevener.
Det gjev ei heilt eiga ro å ha nærkontakt med dyr, og på Hakallegarden kan du treffe kaninar, sauer og eksotiske dyr som knapt finst andre stadar i Noreg. På opplevingsgarden kan du sanse livet på landet. Heile året kan store og små leggje søndagsturen til den flotte Hakallestranda, bli betre kjent med dei firbeinte, ta ein matbit i den koselege kafèen, kjøpe brukskunst og silkemjuke alpakkaprodukt, og vandre i kunstgalleriet som blir til i fjøsen kvar sommar når dyra får beite ute.
På varme sommardagar er turen kort mellom Hakallegarden og den innbydande langstrekte sandstranda på Sandviksanden. Her vert sommarkvelden fullkomen med solnedgangen i havgapet.